Det vert ein stor konsert med mange medverkande i kantina på Berte Kanutte denne fyrste ettermiddagen i november. Elevar og studentar, amatørar og profesjonelle samarbeider om å skape ein konsert der temaet er musikalar. Repertoaret er satt saman av songar frå kjende musikalar med høg attkjenningsfaktor. Publikum vil få høyre nummer frå blant anna «Sound of music», «Annie», «Les Misérables», «Løvenes Konge» og «West Side Story». Solistar frå Høgskulekoret vil mellom anna tolke morosame duettar som «Anything you can do I can do better» og dei som er glade i Frank Sinatra kan sjå fram til ei flott tolking av «Theme from New York, New York». Prosessen med å øve til denne konserten starta i haust og trappast opp med fleire øvingar i veka som leier inn i konserten. Fyrst har dei ulike kora og orkesteret øvd kvar for seg og deretter skal alle delane settast saman med fellesøvingar og generalprøve. Orkesteret ved Høgskulen i Volda: Vart skipa i 1947 av Ingmar Fottland, som var lektor i musikk ved Volda lærarskule. Saman med sentrale musikarar vart symfoniorkesteret starta og har vore i kontinuerleg drift fram til i dag. Snart fyller dei 80 år! Besetninga er på omlag 30 musikarar med ei fin blanding av studentar ved Høgskulen i Volda, tidlegare studentar, tilsette ved høgskulen og bygdefolk. Ved kvar konsert vert det leigd inn musikarar på instrument orkesteret ikkje har sjølv, for å dekkje det musikalske behovet. Dirigent: Elizabeth Oltedal.
Orkesteret har fleire konsertar i løpet av året. Høgskulekoret: Består av studentar som går på musikk-studiet på Høgskulen i Volda. Både årsstudium og 3-årig bachelor. Koret er også ope for andre studentar samt lærarar og kvart år er det også med internasjonale studentar. Karen Rosenberg Olsen har leiia koret dei siste åra og dei har hatt fleire konsertar med repertoar frå populærmusikk, folketonar, musikalar og klassisk. I vår gjorde dei to konsertar saman med eit kor frå Bulgaria som kom på vitjing i Volda, samt var med på å framføre Mozarts Requiem. Dei av studentane som er solistar på denne Musikalkonserten er hovudsakleg dei som har song som sitt fordjupingsinstrument og går andre eller tredje året av sin bachelor. Ørsta Kulturskule: Frå Ørsta Kulturskule kjem13 songarar som utgjer tilbodet «Songgruppe». Eit tilbod kulturskulen har no på andre året. Det er lange ventelister på song og dette er eit flott tilbod slik at fleire kan få prøve seg på song. Brynhild Hovden leiier dei og dei har ofte oppdrag i lokalmiljøet. Volda og Ørsta Korskule: Mañana består av 16 songarar mellom 5-7 år. Spirit består av 9-10 songarar mellom 10-14 år med vekt på 6.klassingar. Ingrid Vik Henriksen leiier dei på tredje året. Korskulen er ein frilynt organisasjon og vart stifta i 1995. Dei feirer dermed 30-årsjubileum i år. Korskulen vidarefører arbeidet til det som før var Volda skulekor. Dei har plass til fleire songarar i begge kora. Alle medverkande ser fram til ein flott konsert og håper mange vil ta turen for å oppleve dette.