Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda
  • KOMANDE KONSERTAR
  • STØTT OSS
  • Om orkesteret
    • Bli med
    • Medlemmar
    • Styret
  • PASSERTE SESONGAR
    • ARKIV
    • 12-konserten 2020
    • NASJONAL FESTKONSERT 2020
    • Haustkonserten 2020
    • NØTTEKNEKKAREN 2020
    • 12-KONSERT 2019
    • NASJONAL FESTKONSERT 2019
    • Vårkonserten 2019
    • NYTTÅRSKONSERT 2019
    • Haustkonsert 2018
    • Festkonsert 2018
    • Vårkonsert 2018
    • NYTTÅRSKONSERT 2018
    • Vårkonsert 2017
    • Nyttårskonsert 2017
    • Haustkonsert 2016
    • Vårprogram 2016
    • Haustprogram 2015
    • Vårprogram 2015
    • Haustprogram 2014
    • Vårprogram 2014 >
      • Nasjonal festkonsert
      • Nyttårskonsert 2014
    • Haustprogram 2013
    • Vårprogram 2013
    • Haustprogram 2012 >
      • Haustkonserten
    • Vårprogram 2012 >
      • Nasjonal festkonsert
      • Vår på kontinentet
      • Nyttårskonsert
  • KONTAKT
  • MEDIA
  • TAKK TIL:
Det er 250 år sidan Beethoven vart fødd, og det ynskjer Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda å feire! Ludwig van Beethoven (1770-1827) vert rekna for å vere ein av dei tre største komponistane i klassisk historie. Ved sidan av Mozart, sjølvsagt og Haydn. Hovudverket på konserten er Konsert for klaver og orkester nr 1 som Beethoven skreiv, berre 25 år gammal.
15. november 2020 kl 19:00 viser Frode Skag Storheim at han kan spele som Beethoven. Vi gled oss og vi håper å sjå deg der! Frode Skag Storheim bur i Bergen er pianist, organist, komponist, improvisatør, kåsør og pedagog . Han er ein svært allsidig og etterspurd musikar som vi er veldig glad for å få på besøk i Volda.
Til dagleg er han piano- og musikkhistorielærar på musikklina på Voss gymnas, og arbeider som organist i Alver kommune.
Utanom dette har han ei svært utadretta og aktiv frilansverksemd, og spelar klassiske konsertar, er kapellmeister på sceneshow, eller helt konsertforedrag.
Han likar å kople det humørfylte og verbale til den klingande musikk, og arbeider for auka tilgjengeleggjering av klassisk musikk.
Frode gled seg stort til å gjeste Volda og Høgskuleorkesteret, og lovar ein vital og sprudlande Beethoven-tolkning.
Den første pianokonserten til Beethoven er eigentleg den andre. Den var skrive av ein ung mann som ville vise folk i Wien kva han kunne utrette ved eit piano.
Verket høyrer til den såkalla tidlege perioden til Beethoven, og påverknaden frå Haydn og Mozart er framleis høgst tydeleg. Likevel er ein ikkje i tvil om at dette er Beethoven: Musikken er freidigare, og reint pianistisk skriv han større og meir virtuost.
Frode er ein dreven improvisatør, og i fjor gjesta han to orkestre i Bergen solist i Mozart-konsertar. Ved begge høve improviserte han kadensane (virtuos solodel) i 1. sats. På Beethovens tid var slikt heilt vanleg - no er det nesten ingen som gjer det lenger.
Publikum i Volda vil få oppleve at Frode improviserer kadensen i 1. sats. Dette vert gjort ved at publikum foreslår ein melodi Frode skal fabulere over. Improvisasjon er augneblinkens kunst, så her kan alt skje... Konserten er avlyst!
Picture
Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • KOMANDE KONSERTAR
  • STØTT OSS
  • Om orkesteret
    • Bli med
    • Medlemmar
    • Styret
  • PASSERTE SESONGAR
    • ARKIV
    • 12-konserten 2020
    • NASJONAL FESTKONSERT 2020
    • Haustkonserten 2020
    • NØTTEKNEKKAREN 2020
    • 12-KONSERT 2019
    • NASJONAL FESTKONSERT 2019
    • Vårkonserten 2019
    • NYTTÅRSKONSERT 2019
    • Haustkonsert 2018
    • Festkonsert 2018
    • Vårkonsert 2018
    • NYTTÅRSKONSERT 2018
    • Vårkonsert 2017
    • Nyttårskonsert 2017
    • Haustkonsert 2016
    • Vårprogram 2016
    • Haustprogram 2015
    • Vårprogram 2015
    • Haustprogram 2014
    • Vårprogram 2014 >
      • Nasjonal festkonsert
      • Nyttårskonsert 2014
    • Haustprogram 2013
    • Vårprogram 2013
    • Haustprogram 2012 >
      • Haustkonserten
    • Vårprogram 2012 >
      • Nasjonal festkonsert
      • Vår på kontinentet
      • Nyttårskonsert
  • KONTAKT
  • MEDIA
  • TAKK TIL: