Torsdag 17. mai arrangerer Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda sin tradisjonelle nasjonale festkonsert. Norsk musikk står på programmet, både i form av Bojarenes Indtogsmarsch, kjend som kjenningsmelodien til Ønskekonserten på NRK radio, og med to vakre stykke frå Griegs Peer Gynt, op. 23 - her med Ruth Olina Lødemel som sopransolist. Fyrste avdeling vert runda av med fire norske dansar av Edvard Grieg, op. 35. Desse blei originalt komponert for klaver i 1880, men blei seinare tonesett for orkester av den tyske kapellmeisteren Hans Sitt. Hovudverket denne konserten er den årlege framføringa av Griegs klaverkonsert i a-moll. I år har orkesteret vore så heldige å få med seg den unge, lovande pianisten Ole Christian Haagenrud som solist.
Tid og stad:
Aulaen i Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda Torsdag 17. mai kl. 20:00-21:30
Vaksne: 200,- Studentar: 50,- Barn og unge under 16 år: gratis Billettsal ved døra som opnar kl. 19:00
Program:
B. Bjørnson (1832-1910) / R. Nordraak (1842-1866): "Ja, vi elsker dette landet" (allsong) Johan August Halvorsen (1864-1935): Bojarenes Indtogsmarsch, verk 15 H. Ibsen (1828-1906) /Edvard Hagerup Grieg (1843-1907): Frå Peer Gynt, op. 23 Solvejgs Sang (frå 4. akt) Solvejgs Vuggesang (frå 5. akt) Solist: Ruth Olina Lødemel Edvard Hagerup Grieg (1843-1907) / Hans Sitt (arr.): Norske dansar, op. 35 Norsk dans nr. 1 i D-moll Norsk dans nr. 2 i A-dur Norsk dans nr. 3 i G-dur Norsk dans nr. 4 i D-dur
Edvard Hagerup Grieg (1843-1907): Klaverkonsert i A-moll, op. 16 Allegro molto moderato Adagio Allegro moderato molto e marcato Solist: Ole Christian Haagenrud