VELKOMEN TIL NAJONAL FESTKONSERT I VOLDA KYRKJE 17. MAI KL. 20:00 Program: Nasjonalsangen Ja, vi elsker dette landet (Bjørnson/Nordraak) Edvard Grieg, Hyldigungsmarsj frå Sigurd Jorsalfar Ole Olsen, Asgaardsreien, op. 10 Edvard Bræin, Serenade for bratsj og orkester med solist: Nikolai Remme Urframføring av Torgrim Skjerdal, Storfjorden i symfonisk drakt (eit musikalsk drama i 4 akter) Edvard Grieg, Pianokonsert i a-moll, op. 16
Solist på Edvard Grieg sin verdskjende pianokonsert i a-moll, op 16, er Kei Solvang. Kei Solvang har vore med i NRK sin 30 timers lange direktesending “Grieg minutt for minutt”, og har opptredd i Grieg sin villa, og spele på Grieg sitt eige flygel. I tillegg til det har ho hatt æra av å vere “Ukens pianist” på Edvard Grieg sitt Museum, Troldhaugen både i 2022 og i 2024. Ho har spele med Bergen Filharmoniske orkester, og ho har hatt gleda av å spele i Universitetets aula i Oslo og ho har vore både solist og kammermusikar i Irland, Finland, Italia, Tyskland, England, Sverige og Danmark og no er ho er hos oss.
Kei Solvang (f.2002) vart født i Japan, men flytta til Noreg då ho var 5 år gammal. I 2017 vart ho teke opp ved Griegakademiets Unge Talenter (GUT), og i 2019 vart ho teke opp i Talentprogrammet ved Prof. Jiri Hlinka Piano Academy – et internasjonalt akademi med Leif Ove Andsnes, Håvard Gimse og Christian Ihle Hadland i spissen. Her har ho vore eit fast medlem fram til hausten 2022. Solvang fullførte sin bachelor med høgaste karakter ved Det Kongelege Danske Musikkonservatorium med Prof. Jens Elvekjær som hovudmentor. Solvang har tross sin unge alder rukke å vunne ei rekkje konkurransar og fått mange prisar, mellom anna: Inspirasjonsprisen og Publikumsprisen i Ungdommens Musikkmesterskap i 2018. I 2019 fekk ho 3.prisen under 1st Nordic Junior Piano Competition i Sverige, 3.prisen ved Windsor Junior Piano Competition i Storbritannia og ho var finalist og vinner av “Scholarship Award” ved Pianale Junior Piano Academy & Competition. I 2020 kvalifiserte ho seg til finalen i «Japan e-piano competition», men kunne ikkje delta i finalen grunna covid-19 restriksjonane. Sommaren 2021 fekk Kei «Sonderpreis» (Special Award) under PIANALE i Tyskland i aldersgruppen 18-30 år, og i 2023 kvalifiserte ho seg til finalen i Cecilia International Piano Competition og vann 1.pris i Orbetello Piano Competition Online. Solvang har motteke fleire stipend. Solvang er òg Lied-pianist, og opptrer ofte med tenor songaren, Ian Marcus Bjørsvik. Vidare framover skal ho fortsette sitt studium som utvekslingsstudent ved Hochschule für Musik und Theater i München.