VELKOMEN TIL NAJONAL FESTKONSERT I VOLDA KYRKJE 17. MAI KL. 20:00 Program:
Festkonsert i kvinnene sitt teikn Nasjonaldagen 17. mai i Volda blir ikkje komplett før den tradisjonelle festkonserten med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda har tona ut! I år merkar konserten seg spesielt ut som kvinnene sin arena, med kvinneleg dirigent og solistar og ein kvinneleg komponist. Denne kombinasjonen er enno såpass uvanleg at det er verdt å markere… Komponisten er Anne-Marie Ørbeck (1911-1996), som er omtalt av NRK sin musikk- kritikar Eystein Sandvik som “den siste store utøvar-komponisten etter Grieg og Agathe Backer-Grøndahl”. Ørbeck vaks opp i Oslo og reiste alt som 19-åring til Berlin for å studere både utøving og komposisjon. Ho debuterte som solist med Oslo filharmoniske orkester i Oslo i 1933, og klaverkonserten hennar, Konzertino, vart uroppført til stor begeistring i Berlin 1938, med komponisten sjølv som solist. Dette er eit sprudlande verk i fire satsar som kombinerer melodiske impulsar frå den norske folkemusikken med ein leikande rytmikk som har slektskap med verk av Prokofiev. Det er dette verket som blir framført på festkonserten i Volda kyrkje, med Kei Solvang som solist. Kei var òg solist i fjor og imponerte med ei gnistrande tolking av Grieg sin klaverkonsert i a-moll. I år kan publikum glede seg til å høyre ho spele Ørbeck sin Konzertino som ho spelte med Bergen filharmoniske orkester på Festspela i 2023. Kei har vunne fleire nasjonale og internasjonale prisar og motteke fleire stipend. Etter å ha fullført bachelorgrad med høgaste karakter ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium, er ho no masterstudent ved Hochschule für Musik und Theater München hjå professor Silke Avenhaus. Verk av Grieg står òg på programmet i år, mellom anna Solveigs sang og Ved Rondane med Karen Rosenberg Olsen som solist. Karen har songutdanninga si frå Barratt Due Musikkinstitutt, Royal Conservatoire of Scotland og Norges Musikkhøgskole og no kombinerer ho arbeid som høgskulelektor i musikk ved Høgskulen i Volda med frilansoppdrag. Dirigent for konserten er Elizabeth Oltedal, dosent i musikkpedagogikk ved Høgskulen i Volda. Elizabeth har utdanning frå University of Durham, University of London Institute of Education, og Norges musikkhøgskole. Ho har vore dirigent for symfoniorkesteret i ei årrekkje. Vel møtt til nasjonal festkonsert!