Velkomen til Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda sin årlege nyttårskonsert. I år har vi med oss flotte ballettdansarar frå Ballettskulen i Ørsta og Volda og Øystein Salhus på fiolin. Han er tilsett ved institutt for musikk der han driv mellom anna med forsking, utviklingsarbeid og undervisning. Han arbeider særskilt med musikk og helse og musikkterapi. Salhus har tidlegare vore både fiolinist, konsertmeister for orkesteret og dirigent. Vi gler oss veldig til å spele saman med han på Monti sitt kjende stykke Csárdás. Til valsen An der schönen blauen Donau vil vi få nydeleg ballettdans av (f.v) Anna Nerland Halkjelsvik, Maya Gravdal, Alette Myrhol og Ragna Hofset Kile. Dirigent på konserten er Bert Handrick, organist i Volda kyrkje og har dirigert orkesteret ved fleire høve. Det blir høve til å kjøpe seg noko godt å ete og drikke i pausa og ein skal ikkje sjå vekk i frå at vi sprett champangeflaska òg! Velkomen til festleg nyttårsfeiring på Berte Kanutte søndag 11. januar 2026 kl 18:00
Program:
Terje Tjervåg: Runde-suite Amadeo Vives (arr. Miki Campins): Doña Francisquita Henning Sommerro (arr. Carsten Klouman): Vårsøg Piotr Tchaikovsky: Trepak (frå Nøtteknekkeren) H. C. Lumbye (arr. M. B. Haub): Champagner-Galopp Johann Strauss jun.: An der schönen blauen Donau Johann Strauss sen.: Radetzky-Marsch Vittorio Monti: Csárdás Solist: Øystein Salhus Johann Strauss jun.: Pizzicato-Polka
Solist på fiolin: Øystein Salhus Gjestar: Ballettskulen i Ørsta og Volda Dirigent: Bert Handrick