Tema for Forskingsdagane i år er fred og konflikt. Dette samsvarar godt med det studentane i komposisjonsemnet har arbeidt mest med gjennom vårsemesteret, forholdet mellom fridom og begrensing. For kva er fred verdt utan fridom til å uttrykke seg og å ta eigne val? Konflikt oppstår når rammene, begrensingane fjernar fridomen for individet heilt. Men rammene kan også vere så minimalt begrensa at dei berre stoppar fridomen der den vil øydelegge andres fridom. Musikalsk har målet med undervisninga vore å gi kvar student så stor uttrykksfridom som råd i komponeringa, men samtidig å gi så klare rammer for komposisjonane at studentane kan ha lettare for å kome igong og vetre inspirert i arbeidet.
19 små komposisjonar vart innleverte til eksamen og skal alle få si urframføring under 12-konserten 25. september. I tillegg har Magnar Åm sjølv (som har undervist i emnet) skrive ein liten komposisjon (2 min. 40 sek.) med namnet indre harmoni. Den er for orkester med kor og skal også urframførast der.
Minst eitt kor vil medvirke: Volda Vokal. Saman med orkesteret vil dei framføre Magnar sitt stykke og Gabriel Faurés Pavane.