Tradisjonar er noko ein gjer likt gong etter gong. I år har me i Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda bestemt oss for å ta eit avbrekk frå Griegs a-moll. Me har nemleg vore så heldige at Jorun Marie Kvernberg har takka ja til å spele solo med oss 17. mai. Me er stolte over å få spele med ei av dei mest talentfulle kunstnararane i bygda. Sidan det er fele som er instrumentet hennar skal me spele eit verk av litt nyare dato... nemleg hardingfelekonserten Tri fjordar av Geirr Tveitt. Me gler oss og håper publikum vil verte like begeistra over dette verket som me er.
|
Foto:: Marius Beck Dahle
Pressefoto av Jorun finn du herBileta over er tekne av: Marius Beck Dahle
|