Nikolai remme fortel: Eg byrja på fiolin ved Volda kulturskule som 2. klassing, med Knut Ose og Torstein Hjertvik som lærarar. Nokre år seinare byrja eg med Inna Svendsen, som framleis er min lærar i dag. I tillegg tek eg timar med Øystein Salhus. I fjor vart eg valt ut til å delta i NUSO 2018-2019. NUSO, Norsk Ungdomssymfoniorkester, er eit landsomfattande orkester beståande av 85 unge musikarar i alderen 13-20 år, der deltakarar blir utvalde gjennom profesjonelt vurderte prøvespel. Orkesteret gjestar byar over heile landet to gonger i halvåret, og framfører store verk innan orkesterlitteraturen. For tida går eg siste året på Studiespesialisering ved Volda vidaregåande skule, og planlegg eit år på musikk ved Toneheim folkehøgskule.
|
Erik Stave, 13 år og pianist
|
Bård Inge Myklebust fortel: Eg har spele tuba med lærar Knut Ose ved kulturskulen i Volda, og er aktivt med i korps. Studerer på musikk ved Høgskulen i Volda
|