Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda inviterer til jubileumskonsert for Ludwig van Beethoven (1770-1827). Han vert rekna for å vere ein av dei tre største komponistane i klassisk historie. Ved sidan av Mozart, sjølvsagt og Haydn. Desse 3 var glitrande musikarar og hadde ei heilt anna tilnærming til korleis ein spelte musikk, enn det vi har i dag. I dag er notar, det nedskrivne, nærast heilage skrifter. Men, på denne tida leika dei seg mykje meir og dei kunne spele nærast heile konsertar utan notar.
I 2020 var det 250 år sidan Beethoven vart fødd. Grunna viruspandemien har vi måtte vente på feiringa. 2 1/2 år seinare skjer det endeleg, då feirer vi denne ekstremt dyktige musikaren. 30. oktober 2022 framfører høgskuleorkesteret Konsert for klaver og orkester nr 1. som han skreiv berre 25 år gammal. Den var skrive av ein ung mann som ville vise folk i Wien kva han kunne utrette ved eit piano. Verket høyrer til den såkalla tidlege perioden til Beethoven, og påverknaden frå Haydn og Mozart er framleis høgst tydeleg. Likevel er ein ikkje i tvil om at dette er Beethoven: Musikken er freidigare, og reint pianistisk skriv han større og meir virtuost. Andre verk som publikum kan glede seg å få høyre er Beethoven sin ouverture til Egmont, som skildrer arrestasjonen og heltedøden til den nederlandske greven av Egmont på 1500-talet, G. Rossini si ouvertyre frå operaen La Gazza ladra (Den tjuvaktige skjora) og George Bizet L'Arlesienne, eit skodespel med musikk basert på folketonar. Alle verka så nær som klaverkonserten er komponert i den tidleg romantiske perioda. Vi har fått med oss Frode Skag Storheim, busett i Bergen men kjem opphavleg frå Radøy i Nordhordland som no heiter Alver kommune. Han er pianist, organist, komponist, improvisatør, kåsør og pedagog . Han er ein svært allsidig og etterspurd musikar som vi er veldig glad for å få på besøk i Volda. Til dagleg er han piano- og musikkhistorielærar på musikklina på Voss gymnas, og arbeider som organist i Alver kommune. Utanom dette har han ei svært aktiv frilansverksemd. Ikkje berre lovar han å spele like glitrande som Beethoven, men han er òg morosam å høyre på. Denne karen kan halde konsertforedrag og garantert få smilebandet ditt til å strekkje på seg om ikkje få deg til å storflire. Han liker å kople det humørfylte og verbale til den klingande musikk. Frode gler seg stort til å gjeste Volda og høgskuleorkesteret, og lovar ein vital og sprudlande Beethoven-tolkning. Han vil å gjere som Beethoven, nemleg improvisere der og då, på ståande fot. Dette vert gjort ved at publikum foreslår ein melodi Frode skal fabulere over. Improvisasjon er augneblinkens kunst, så her kan alt skje… Dette vert spanande og verdt å få med seg. |