NYTTÅRS- OG JUBILEUMSKONSERT: ORKESTERET FEIRER 75 ÅR! SOLIST: LOUISE ENGESETH Ballettskulen i Ørsta og Volda
Dato: 29. januar 2023 Stad: Volda samfunnshus Solist: Louise Engeseth Dirigent: Elizabeth Oltedal Billettsal ved inngangen Pris: 250 kr(vaksen)Student: 150kr Born under 15 år gratis
Godt nytt år! I år feirer vi det nye året med flotte stykker henta frå orkesteret sitt repertoar gjennom 75 år. Det blir både filmmusikk som Flåklypa- Medley av Fabricius-Bjerre og Game of Thrones arr. av M. Bredin. Orkesteret har òg fått flotte Louise Engeseth, frå Volda på besøk frå studia sine ved Griegakademiet i Bergen. Ho vil mellom anna synge Susannas arie frå Figaros bryllaup, akt IV - resit.: Giunse alfin il momento og arie Deh vieni non tardar. Pie Jesu frå Requiem av Lloyd Webber. Louise Engeseth er 22 år gammal og kjem frå Volda. Ho studerer sitt siste år i den 4-årige bacheloren i klassisk song hjå Griegakademiet i Bergen, med Hilde Haraldsen Sveen som lærar. Engeseth har lenge vore ein attraktiv solist, og har mellom anna vore vikar for 1. nymfe i “Rusalka” av Dvorsäk, i regi av Bergen Nasjonale Opera. Ho har vore solist med Bit20, og under Festspillene i Bergen i 2021 hadde ho ein eigen konsert saman med pianisten Katrine Pavljuk. I fjorårets festspel i Bergen song ho utdrag frå Mozarts operaer; Figaros Bryllaup som Grevinnen, frå Der Shauspieldirector som Madame Herz, og frå Tryllefløyten som 2. dame. I fjor var ho blant anna solist i juleoratoriet av Bach under leiing av Bert Handrick. Ho hadde sin fyrste operadebut som 17-åring i rolla som “Inga Li” i urframføringa av Kimen av Magnar Åm. Engeseth har vunne fleire prisar og utmerkingar. I våren 2019 vart ho tildelt Sparebank1 SMN sitt talentstipend. I 2020 fekk ho tildelt Teft Stipendet frå Sparebanken Møre, og Draumestipendet frå Norsk tipping og Norsk Kulturskuleråd. Hausten 2022 vart ho tildelt Tom Wilhelmsen sitt talentstipend. Vi har òg godbitar frå våre eigne orkestermedlemmar, mellom anna Therese Aakre, som skal spele Mozart sin hornkonsert nr 3 i Eb-dur, sats nr 2, Romanze og Aksel Farstad som vil spele Crusell sin Klarinettkonsert nr 1 i Eb-dur, sats nr 2: Adagio. Her er mykje å gle seg til. Dirigent for jubileumskonserten er Elizabeth Oltedal.