På den etter kvart godt innarbeidde 12-konserten i Volda kyrkje under Forskingsdagane skal Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda fraføre heile 13 eksamensverk, innstudert og dirigert av emneleiar Magnar Åm. Tittel på 12-konserten i år er Bach og Antibac(h). Her vil ein få høyre både musikk av den tyske komponisten Johann Sebastian Bach og studentkomposisjonar i fordjupingsemnet, Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi.