Konsert med Symfoniorkesteret, Høgskulekoret og solistar
Billettar: Vaksne kr 250, studentar kr 100, born gratis
|
Karen Rosenberg Olsen
Sopranen Karen Rosenberg Olsen har mastergrad i klassisk song frå Barratt Due Musikkinstitutt og Norges Musikkhøgskole Gjennom sitt 2-årige masterarbeid har Karen jobba med fleire einakters operaforestillingar. I dag er ho med i fleire ulike prosjekt som frilans sopran med konsertar i inn- og utland. |
Lars Ivar Nordal
Tenoren Lars Ivar Nordal byrja syngje på musikklina ved Volda videregående skule. Han har bachelor i klassisk song ved Grieg-akademiet i Bergen hjå professor Harald Bjørkøy. Våren 2013 fullførte han masterstudia i song ved Hochschule für Musik «Hanns Eisler» i Berlin. Han har sunge fleire store operaroller. I Volda har han tidlegare sunge i Händels «Messias» og i Mattheuspasjonen av J. S. Bach. |
Alf Vatne
Bass Alf K. Vatne har songutdanning frå Østlandets musikkonservatorium, der han studerte med Joseph Stzerenyi, men han har under heile yrkeskarriera vore lærar ved Ørsta ungdomsskule. Han er mykje nytta som solist i vestlandsfylka, mellom anna ved Opera Nordfjord. I Volda har han tidlegare mellom anna sunge i Bachs Juleoratorium, Händels Messias og Faurés Requiem. |
Christoffer S. Johansen
Kontratenor Christoffer Stenhaug Johansen er 23 år og er musikkstudent ved Høgskulen i Volda. Han er utdanna i drama frå dramalina på Greveskogen Videregående Skole i Tønsberg. Der hadde han regelmessige songtimar med Eva Høgset. Ho overbeviste han om å bli kontratenor. Han har gått på Ringerike Folkehøgskole på Musikk & Teaterlina før han byrja musikkstudia i Volda. |