Annar Follesø er ein av dei fremste musikarane i Noreg. Follesø har si utdanning ved Barrat Due Musikkinstitutt og Indiana University School of Music, Bloomington, USA, der han mottok Artist Diploma. Han har hatt lærarar som proffessor Mauricio Fuks, Proffessor Stanley Ritchie, György Sebök, Leonard Hokansonand Menahem Pressler. Hans spesial felt er kammermusikk og barokk fiolin. Annar Follesø har gjennom turnear og plateinnspelingar fått glimrande kritikkar i inn- og utland. Han er tilsett i Kringkastingsorkesteret (KORK). I 2010 gav han ut, som solist med KORK, førstegongsinnspelingar av Ole Bull sine fiolinkonsertar, ein CD som fekk strålande kritikk og vart kåra til årets plate av det britiske Grieg-selskapet. Annar Follesø har turnert og gitt konsertar i ei rekke land, mellom anna i USA, Russland, Kina, Austerrike, Frankrike, Ukraina og Sør-Korea. I 2010 var han solist med INSO Lviv i Ukraina, og i 2006 med Euro-Asian Philharmonic Orchestra i Seoul. Her heime har han mellom anna spelt ved Festspela i Bergen (seinast i 2013, då han gav nypremiere på Ole Bull sin «Norges Fjelde» saman med Kringkastingsorkesteret og sjefdirigent Miguel Harth-Bedoya), Stavanger Kammermusikkfestival og Griegfestivalen i Arendal, og han har gitt konsertar i seriar som Hjertnesserien og «Norske Stjerner i Marmorhallen». Han har vore solist med Kringkastingsorkestret, Stavanger Symfoniorkester, Kristiansand Symfoniorkester og Oslo Camerata.Follesø er, saman med komponist og pianist Wolfgang Plagge, kunstnarleg leiar for Sunnmøre Kammermusikkfestival, det har han vore sidan 2010. I tillegg til Ole Bull sine fiolinkonsertar har Follesø også gitt ut fleire andre kritikarroste innspelingar; Den første saman med pianist Helge Kjekshus i 2003, med verk av Wolfgang Plagge, den andre cd i 2005, då verk av Bartók i samarbeid med pianist Christian Ihle Hadland og den finske klarinettist Björn Nyman. Cd-en fekk knallgod kritikk både i inn- og utland. Mellom anna skreiv Kjell Hillveg i Aftenposten:: «Follesø har en suveren formsans og et nyanseregister som bare må høres… Denne utgivelsen har med andre ord gitt meg et nytt syn på Bartók». Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda inviterer til nasjonalromantiske tonar når dei byd inn til sin årlege festkonsert17. mai 2019 kl 20:00 i Volda kyrkje, med sjølvaste Annar Follesø som solist på Ole Bull sin fiolinkonsert nr 1 i A-dur, op. 1. Publikum vil òg få høyre to andre fantastiske utøvarar frå Volda, nemleg 16 år gamle Åsmund Arnesen Farstad framføre Et Sætersbesøg av Ole Bull (1865) og 18 år gamle Louise Engeset på Solveig sang og Ved Rondane av Edvard Grieg. Fiolinkonserten i A-dur har vore gløymt i over 120 år før den vart gjennoppdaga og framført av Arve Tellefsen saman med Bergen filharmoniske orkester på festspela i Bergen i 2002. Ole Bull er ein av våre store kunstnarar og ein av tidenes største fiolinvirtuosar. Han fekk sitt kunstneriske gjennombrot med fiolinkonserten i Bologna, Italia den 25. april 1834. I si 45 år lange karriere var han ein av verdas mest berømte og omreisende fiolinvirtuoser. Han vart kalla den nordiske Paganini. Over alt der han kom, spelte han fiolinkonserten i A-dur, i laupet av sin lange kunstnarkarriere og med utgangspunkt i antall konsertar han har spelt har han truleg framført konserten flere tusen gongar. Ved siden av Griegs a – moll konsert er den dermed gått inn i historien som ein av den mest spelte norske konserten nokon sinne. Det er med stoltheit og glede at symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda skal framføre dette verket med fiolinvirtuos Annar Follesø.