20. mars 2022 får orkesteret endeleg framføre Rhapsody in Blue av George Gershwin saman med Eirik Stave, bak flygelet. Stykket er skrive for piano og orkester og har element frå både klassisk musikk og jazz, fletta saman i eit spanande rytmisk verk.
Stave er berre 16 år gammal, og mange kjenner han kanskje att frå då han vart kjend i tv-programmet: Då Kork kom til bygda. Berre 9 år gammal, heldt han Noreg sitt beste symfoniorkester under trygg leiing. Den unge pianisten som har spelt piano sidan han var 4 år gammal, reiser jamnt og trutt til NTNU i Trondheim, der han er med i talentutviklingsprogrammet: Unge Musikarar. Han stiller stadig på konkurransar og har vore med i Ungdommens musikkmesterskap (UMM), Ung kultur møtest (UKM) og Fjord Cadenza. I 2014 fekk han Norsk Tipping sitt Talentstipend og i 2019 mottok han Draumestipendet frå Norsk Kulturskuleråd. Dirigent for orkesteret er Bert Handrick. På repertoaret står Sjostakovitsj sin verdskjende Vals nr 2 frå Jazzuita, ein spansk fandango: Doña Francisquita av Amadeo Vives og den meksikansk dansen: Danzon nr 2 av Artruro Marquez. Dette flotte stykket har inspirasjon frå cubansk salsa, og igjen vil publikum få høyre Adiós Nonino av den store og kanskje største tangokomponisten i verda, argentinske Astor Piazzolla. Her vil Øyvind Skatvedt Robak vere solist på bandoneón og Eirik Stave på flygel. Velkomen til vårkonsert!