Orkesteret ved Høgskulen i Volda vart skipa i 1947 av Ingmar Fottland, som var lektor i musikk ved Volda lærarskule. Saman med sentrale musikarar vart symfoniorkesteret starta og har vore i kontinuerleg drift fram til i dag. Snart fyller vi 80 år!
Dirigentar etter Ingmar Fottland har vore Thorleif Hauso, Bjarne Dankel, Ivar Torvanger, Nils Ose, Helge Hamsaas, Leif Barmen, Harald Eikaas, Bård Dahle, Rune Bergmann, Øystein Salhus, Øyvind Johan Eiksund, Øyvind Granden Berg, Kjetil Grøtting, Bert Handrick, Miki Campins, Magnar Åm, Bjarte Engeset, Michael Pavelich og Elizabeth Oltedal. Sistnemnde har dirigert orkesteret siste åra og er orkesteret sin første kvinnlege dirigent sidan skipinga i 1947
Besetninga er på omlag 30 musikarar med ei fin blanding av studentar ved Høgskulen i Volda, tidlegare studentar, tilsette ved høgskulen og bygdefolk. Ved kvar konsert vert det leigd inn musikarar på instrument orkesteret ikkje har sjølv, for å dekkje det musikalske behovet. Medlemmar i orkesteret betalar kontingent på 250 kr, studentar betalar ikkje kontingent.
Orkesteret har fleire konsertar i løpet av året. Fast 4 konsertar, men har òg vore med på Kammermusikkfestivalen og Høgskulen i Volda sine høgtidlege markeringar. Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda er eit flott orkester å utvikle deg i. Vi er kanskje eit lite orkester, men vi kan spele. Velkommen!
Nyttårskonsert 2012 i Berte Kanutte-huset (Foto: Berit Buran Jul)
Biletet er teke ved orkesteret si 50 års-markering i 1997