Dato: Søndag 23. april 2023 kl 18:00 Stad: Hjørundfjord kyrkje 23. april 2023 blir eit fyrverkeri av ein konsert! Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda får nemleg besøk av Brazz Brothers. Den verdskjende gruppa frå Sula i Langevågen. Det er Michael Pavelich frå Nordfjordeid som skal dirigere denne konserten. Det er fyrste gong orkesteret får desse "klangsvoltne og rytmetørste" sunnmøringane på besøk. I lag med Kåre Nymark jr. på trompet, Kenneth Ekornes på slagverk og dei to brødrepara: Runar Tafjord (waldthorn), Stein Erik Tafjord (tuba) og Jan Magne Førde (flygelhorn/trompet), og Helge Førde (trombone), lovar vi i orkesteret ein konsert som vil gi publikum ei gledeleg musikalsk oppleving som vil få dei fleste til å kjenne rytmene langt ned i storetåa. Denne fantastisk gruppa veit å skape stemning, og glede. Ta turen til vakre Sæbø og Hjørundfjord kyrkje denne søndagen i april. Dette blir ein storslått konsert med mykje afrikansk og norsk musikk, flotte harmoniar, deilige rytmiske variasjonar og nydelege brasstonar saman med eit spent og veltrent orkester. Vel møtt!