Når: søndag 08.april Tid: 18.00 Stad: Berte Kanutte-bygget ved Høgskulen i Volda Dirigent: Miki Campins
Årets vårkonsert vert søndag 08.april og vi har fått med oss gitarist Pål Aam til å spele eit flott spansk stykke saman med oss. Dette er Concierto de Aranjuez av Joaquin Rodrigo. Av andre stykker vi skal spele så er det Sa nostra Terra av Enrique Pastor Celda, Karelia Suite av Jean Sibelius og Capriol Suite av Peter Warlock.
Pål Aam «Å få kome til Volda og spele ein av dei mest populære og utan tvil den største gitarkonserten i verda: Concierto de Aranjuez av Joaquín Rodrigo saman med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda er for meg ei historisk hendig. Det er første gongen eg debuterer som solist på ein gitarkonsert med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Dette er stort og eg gled meg storleg!» Pål Aam (28 år) byrja å spele gitar i ein alder av 12 år og fekk lærar Signe Rønnestad, som er mormora til Pål og cellist i orkesteret. Pål byrja på musikklinja på el-gitar, men fann raskt ut at det var klassisk gitar han ville satse på. Her fekk han Egil Åslid som lærar. Sidan har Pål studert ved Høgskulen i Volda. I 2014 begynte Pål å studere klassisk gitar hjå Reidar Antonsen ved Høgskulen i Hedmark, samstundes tok han timar på Toneheim med Reidar Edvardsen. Deretter vart Pål inspirert til å søke på Norges musikkhøgskule. Her har han dei siste tre åra studert hjå Geir Otto Nilsson, Stein-Erik Olsen og sist, men ikkje minst Erik Stenstadvold. No etter denne vårkonserten i Volda, reiser Pål til Frankfurt for å studere klassisk gitar med professor Helmut Osterreich.