Stad: Volda kyrkje Tid: kl 20.00 Pris: 250/100 (student/barn) Billettar får du kjøpt i døra
Solist: Andreas Løken Taklo Dirigent: Ketil Grøtting
Tradisjonen tru held Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda konsert 17. mai med godt kjende perler frå den klassiske norske musikklitteraturen. A-mollkonserten er hovudverket på konserten, og denne gongen har orkesteret fått med seg ein ung og lovande solist frå Grov i nabofylket Sogn og Fjordane, nemleg Andreas Løken Taklo.
Ung og lovande pianist Andreas vart fødd i Florø og vaks opp på Grov i Eikefjorden. Han byrja som niåring å spele piano. Då han var femten år fekk han Elena C. Sirnes som lærar. Interessa for spelinga og klassisk musikk kom fort. Ho tok han med på pianokonkurransar i Russland og Italia, der han har vore prisvinnar fleire gonger. I Italia førte konkurransane til at han fekk spele som solist med festivalorkesteret. Andreas vann fyrstepris i Haarklou-konkurransen under Pianofestivalen i Førde, både i 2008 og -09. Ein pianokonkurranse i München sommaren 2011 vart stor suksess, og Andreas vann solistoppdrag i både Paris og München. I tillegg har han spelt solokonsertar i Russland, og i heimlandet, mellom anna i Drøbak kirke, på Griegakademiet, Barratt Due musikkinstitutt og i Florø kyrkje.
Rettleidd av musikarar i verdsklasse Andreas deltek ofte på meisterklasser og festivalar rundt omkring i Europa. Han har mellom anna vore på fleire kurs i Italia med Konstantin Bogino. I 2011 vart han invitert til Sandviken Master Classes i Sverige og til Opus 11-festivalen i Århus. Fleire av dei beste musikarane i Noreg og verda har vore med å hjelpe han fram, av desse kan ein spesielt nemne: Jiří Hlinka, Håvard Gimse, Christian I. Hadland, Håkon Austbø, Liv Glaser, Anne Øland, Mats Widlund, Lovro Pogorelich, Aquiles Delle Vigne. No for tida studerer Andreas ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo med den tyske pianisten Michael Endres som lærar. Kammermusikk og undervisning Som kammermusikar har han spelt konsertar på Munchmuseet, i operahuset i Bjørvika og fleire andre plassar i Noreg og utlandet. I august 2014 spelte han på Gloppen musikkfest i lag med Nora Taksdal, Björn Nyman og Stefan Jon Bernhardsson. Andre kammermusikkpartnarar har vore Guro Kleven Hagen, Eivind Ringstad og Elisabeth Teige. Nyleg har han etablert ein fast duo med cellisten Mirjam Kammler. Utanom å opptre som konsertpianist, har Taklo fleire pianoelevar, og er veldig engasjert i å spreie interessa for klassisk musikk blant yngre.
Ny konserttradisjon I år som i fjor skal konserten vere i Volda kyrkje. Sannsynlegvis kan ein seie at det vert ein fast tradisjon å ha det i kyrkja, i alle høve så lenge Volda ikkje har fått sitt eige kulturhus. Billettar kan ein kjøpe i døra. Konserten startar kl 1930.
Samansett mannskor På programmet i år får ein i tillegg til pianokonserten høyre mykje anna av Grieg, til dømes fleire satsar frå Peer Gynt. I år har dessutan orkesteret vore så heldig å få med seg eit samansett mannskor til denne konserten. Det er eit godt og solid mannskor, så ein kan berre gle seg til konserten. Dei skal syngje Landkjenning saman med orkesteret. I tillegg vil ein få høyre verk av Eivind Groven og Johan Halvorsen.
Vårkonsertar 2016 Torsdag 17. mars og fredag 18. mars
Vårkonsertar med Symfoniorkesteret og studentar ved høgskulen i Volda. På programmet får du mellom anna høyre solistar og komposisjonsstudentar frå høgskulen. Stad og tid: 17. mars kl 20.00, Operahuset Nordfjord, Nordfjordeid 18. mars kl 19.30, Herøy kyrkje, Fosnavåg
Dirigent: Ketil Grøtting
Karl Jenkins "The armed man" Laurdag 14. november kl 1800, Propellhallen kulturarena Sundag 15. november, kl 1800, Propellhallen kulturarena
Fredsmesse for kor, solistar og orkester. med koret og symfoniorkesteret ved høgskulen i Volda, Volda Vokal og Ørstakoret. Dirigent: Elizabeth Oltedal Solistar: Ragnhild Engeset med fleire.
Billettar: Førehandssal ved kor-/orkestermedlemer: kr 200 for vaksne og kr 100 for studentar/born
I døra: kr 250 for vaksne, kr 150 for studentar/born
Nyttårskonsertar 2016 Fredag 22 januar kl 20.00 Laurdag 23. januar kl 17.00 (merk tida)
Stad: Kantina på Berte Kanutte (Høgskulen)
Tradisjonen tru, vert det nyttårskonsert i år òg på kantina i Berte Kanutte (Høgskulen i Volda). På programmet i år får de høyre mykje fin festmusikk av Mozart, Khatsjaturian, Strauss, Sibelius med fleire.