NASJONAL FESTKONSERT 17. MAI 2022 KL 20:00 I VOLDA KYRKJE
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda inviterer til nasjonal festkonsert i Volda kyrkje 17. mai 2022 kl 20.00. På repertoaret står tradisjonen tru: nasjonalromantisk musikk av Edvard Grieg. I tillegg framfører vi verk skrive av nolevande lokale komponistar; mellom anna Magnar Åm, Bert Handrick og Terje Tjervåg. Kvar av komponistane har sitt særeige tonespråk. Der Magnar Åm komponerer i ein fritonal stil der kjenslene i augeblikket er inspirasjonen, skriv Tjervåg i ein meir tonal, tradisjonell stil med utgangspunkt i lokale gamle folketonar. Bert Handrick har i sitt verk henta inspirasjon frå den russiske komponisten Dmitrij Sjostakovitsj som nytta mykje sarkasme i sine komposisjonar for å kritisere Stalin-regimet som han leid under. Nettopp sarkasme finn vi òg i Handrick sitt verk. Noko som passar i dag med den meiningslause krigen som no foregår mellom Russland og Ukraina. Kanskje meir enn nokon gong er det viktig å kome saman og feire nasjonaldagen vår. Hovudverket vårt er Edvard Grieg sin Klaverkonsert i a-moll. Verket er hans første og einaste pianokonsert. Verket har mykje inspirasjon frå norsk folkemusikk. Her vil publikum få gleda av å høyre Ålesundaren Kato Flem. Han er utdanna på Griegakademiet i Bergen. 2015 fullførte han mastergraden sin med russisk klavermusikk som hovudfokus med Jan Hovden og Torleif Torgersen som lærarar. I 2005 fekk han Draumestipendet og i 2006, Haram kulturfond sitt stipend. Flem har spelt på meisterklasser med mellom andre den verdskjende russiske pianisten og pedagogen Oxana Yablonskaya. Flem jobbar no som distriktsmusikar på Voss, akkompagnatør ved Manger folkehøgskule og som pedagog på Voss og i Bergen. I tillegg som frilansmusikar. No er han her saman med høgskuleorkesteret. Gled dykk til ein flott konsert med norsk musikk.