• Kva skjer?
  • Klipp frå media
  • Vårprogram 2012
  • Haustprogram 2012
  • Om orkesteret
    • Bli med
    • Medlemmar
  • Internt
    • Bilete
    • Opptak frå konsertar
  • Kontakt

Nasjonal festkonsert 2012

Picture
Torsdag 17. mai arrangerer Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda sin tradisjonelle nasjonale festkonsert. Norsk musikk står på programmet, både i form av Bojarenes Indtogsmarsch, kjend som kjenningsmelodien til Ønskekonserten på NRK radio, og med to vakre stykke frå Griegs Peer Gynt, op. 23 - her med Ruth Olina Lødemel som sopransolist. Fyrste avdeling vert runda av med fire norske dansar av Edvard Grieg, op. 35. Desse blei originalt komponert for klaver i 1880, men blei seinare tonesett for orkester av den tyske kapellmeisteren Hans Sitt. Hovudverket denne konserten er den årlege framføringa av Griegs klaverkonsert i a-moll. I år har orkesteret vore så heldige å få med seg den unge, lovande pianisten Ole Christian Haagenrud som solist.

Tid og stad:

Aulaen i Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda
Torsdag 17. mai kl. 20:00-21:30 

Dirigent:

Øyvind Johan Eiksund

Solistar:

Ole Christian Haagenrud, klaver
Ruth Olina Lødemel, sopran

Orkesteret:

Medverkande i orkesteret

Billettar:

Vaksne: 200,-
Studentar: 50,-
Barn og unge under 16 år: gratis
Billettsal ved døra som opnar kl. 19:00 

Program:

B. Bjørnson (1832-1910) / R. Nordraak (1842-1866):
    "Ja, vi elsker dette landet" (allsong)
Johan August Halvorsen (1864-1935):
    Bojarenes Indtogsmarsch, verk 15
H. Ibsen (1828-1906) / Edvard Hagerup Grieg (1843-1907):
    Frå Peer Gynt, op. 23
         Solvejgs Sang (frå 4. akt)
         Solvejgs Vuggesang (frå 5. akt)
      Solist: Ruth Olina Lødemel
Edvard Hagerup Grieg (1843-1907) / Hans Sitt (arr.):
    Norske dansar, op. 35
         Norsk dans nr. 1 i D-moll
         Norsk dans nr. 2 i A-dur
         Norsk dans nr. 3 i G-dur
         Norsk dans nr. 4 i D-dur

Edvard Hagerup Grieg (1843-1907):
    Klaverkonsert i A-moll, op. 16
         Allegro molto moderato
         Adagio
         Allegro moderato molto e marcato 
      Solist: Ole Christian Haagenrud

Solistar:

Picture
Ole Christian Haagenrud
Picture
Ruth Olina Lødemel

Komponistar:

Picture
Johan August Halvorsen
Picture
Edvard Hagerup Grieg
Create a free website with Weebly