I år vert 17. mai-feiringa noko spesiell. Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda brukar å halde ein nasjonal festkonsert for distriktet, men i år måtte vi avlyse, grunna korona. Vi har derfor funne på å lage ei innspeling av eit verk skrive av den utflytta herøyværingen Terje Tjervåg med bilete av herøyfotografen Kristoffer Nærø Ytterland. Filmen har fått namnet: Tonar frå Runde. Verket til Terje Tjervåg heiter Runde-suite og byggjer på folketonar Terje fekk høyre i oppveksten sin på Runde i Herøy kommune. Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda har engasjert filmselskapet Oclid til å ta seg av innspeling og redigering. Folkemusikar Jorun Marie Kvernberg kveder folketonane som musikken er bygd på. På videoen vil det òg vere eit kort intervju med komponisten Terje Tjervåg. Øving og innspeling har vi gjort i Propellhallen/Rokken, og smitteverntiltaka vart fylgde så godt det lét seg gjere. Mange var i sving på dette spanande musikkvideo-prosjektet som vil profilere ein heilt unik stad på Sunnmøre, Runde i Herøy. Prosjektet er på vél 30 000 kr. Vi takkar Herøy kommune for stønad til prosjektet, filmselskapet Oclid, fotograf Kristoffer Nærø Ytterland og alle andre som har medverka til at vi kunne gjennomføre prosjektet. Denne våren har orkesteret mista inntekter då vi har måtte avlyse konsertane våre. Vi håper de vil støtte orkesteret med ei vipps-gåve i koronatida. STØTT OSS: Send Vipps til: 607224 (Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda)