_Antonín Dvořák (8. september 1841–1. mai 1904), fødd i Nelahozeves ved Praha, var ein tsjekkisk komponist. Han er nok mest kjend for sine Slaviske dansar og for den siste av sine ni symfoniar, «Frå den nye verda» 1893. Men han komponerte stort sett i alle sjangrar og skapte meisterverk i fleire av dei. Han er til dømes den viktigaste komponisten av strykekvartettar mellom Franz Schubert og Béla Bartók.
Dvořák er kanskje den komponisten som har lukkast best i å integrere folkemusikk i klassisk musikk, og blir derfor rekna som ein svært viktig nasjonalromantikar. Symfoni nr. 8 i G-Dur op. 88 er inspirert av den Böhmiske folkemusikken Dvořák var så glad i, og har ein varmere og meir optimistisk tone enn den førre. Som nr. 7 har også denne sine tilhengjarar som meiner dette er Dvořáks beste symfoni.
Tid og stad:
__Aulaen i Kaarstadhuset ved Høgskulen i Volda Sundag 11. mars kl. 19:00-20:30
Vaksne: 200,- Studentar: 50,- Barn og unge under 16 år: gratis Billettsal ved døra som opnar kl. 18:00
Program:
Gioacchino Rossini (1792-1868): Guillaume Tell - Overture - Finale Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791): Andante for fløyte og orkester i C-dur, KV 315 Solist: Oline Strømmegjerde Vincenzo Bellini (1801-1835): La sonnambula - "Ah! non credea mirarti" Solistar: Ruth Olina Lødemel og Hjalmar Trond Eiksund Pietro Mascagni (1863-1945): Cavalleria rusticana - Intermezzo
Antonín Dvořák (1841–1904): Symfoni nr. 8 i G-dur, op. 88 Allegro con brio Adagio Allegretto grazioso Allegro ma non troppo