Nyttårskonserten 27. og 28. januar 2018 kl 19:00 på Berte Kanutte-huset gav godt publikumstal. Dirigent var Elizabeth Oltedal, førstelektor ved musikkseksjonen. Konserten som var noko annleis enn tidlegare nyttårskonsertar, hadde innhald av både humor og glede i form av overraskande dramainnslag frå orkestermedlemmar. Orkesteret fekk òg vist fram nokon av sine flinke studentar: Solveig Kolstad Lien, student på bachelorstudium i musikk ved høgskulen, song den kjende Vilja-arien frå Den glade enkje av Franz Lehár. Eskild Backer Borgan, òg musikkstudent, var solist på Leroy Anderson sitt stykke The Typewriter, og brukte ei Remington-skrivemaskin frå 1950-talet som instrument. Xylofon stod sentralt i Sverddans av Khatsjaturjan, og her var det musikkstudent Lars Olav Mauset som tok utfordringa. I tillegg var Luis Calm Vidal, ein ung musikar som har samarbeidd med orkesteret ved fleire høve, solist på det melodiøse hovudtemaet frå filmen The Mission, Gabriels obo (Morricone). På programmet elles var det flott musikk som høver ein sprudlande start på nyåret, mellom anna av Tsjaikovskij, Sibelius, Elgar og Strauss.