Nyttårskonsert med pomp og prakt!Laurdag 21. og sundag 22. januar inviterer Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda og dirigent Øyvind Johan Eiksund til nyttårskonsert i Berte Kanutte-huset. Med seg på konserten har orkesteret sopran Karen Rosenberg Olsen og tenor Lars Ivar Nordal. Konsertane tek til kl. 18:00 båe dagane.
Det er eit feststemt og iøyrefallande repertoar orkesteret vil presentere denne helga. Frå den lettbeinte Offenbach går vegen til valsekongen Strauss, og vi får mellom anna høyre den kjende valsekavalkaden «Rosen aus dem Süden». Ein annan Strauss-slager, som også er kjend frå nyttårskonserten i Wien er «Radetzky-marsj». Etter ein snartur innom Russland og den smektande Lenskis arie frå «Eugene Onegin», går vegen til Franz Lehars «Den glade enke». Frå denne operetta får vi høyre den kjende Vilja-lied og Lippen Schweigen. Det store løftet denne nyttårskonserten er den erkebritiske marsj i D-dur frå Edward Elgars «Pomp and Circumstance». Dette er eit stort verk som stiller store krav til både storleik og dugleik til orkesteret, og som er udødeleggjort gjennom BBCs «Last Night of the Proms».
|
Solistar: |