Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda hyller den verdskjende tangokomponisten Astor Piazzolla med tangokonsert ved Volda samfunnshus, søndag 7. november 2021 kl. 18:00. Orkesteret sin eigen konsertmeister, Øyvind Skatvedt Robak er solist på bandoneón. Han er heilt fantastisk på dette trekkspelliknande tangoinstrumentet. Høgskulekoret deltek òg under leiinga av Morten Bollerud. Valentina Nieli, leiar og instruktør for Tormenta tango i Volda, blir vår konferansier og skal lose publikum gjennom konserten. Ho vil fortelje historier om Astor Piazzolla sitt liv og tangoen si historie. Symfoniorkesteret lovar nydeleg tangomusikk og vakker dans av Arne Borch Akselvoll og Eva Spirdal-Jacobsen. Dirigent: Elizabeth Oltedal
På laurdagskvelden, 6. november 2021 kl 19:00, blir det Milonga i samarbeid med Tormenta Tango Sunnmøre og Nordre Nordfjord, og mogleg for publikum å danse til flott argentinsk tangomusikk i kjellaren ved Volda samfunnshus. Milongaen er gratis! Øyvind Skatvedt Robak speler! Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda ynskjer å markere Astor Piazzolla sitt 100- årsjubileum og vil gi publikum ei uforgløymeleg helg. Billettar kan bestillast på Tikkio: