HAUSTKONSERT 2018 27. og 28.oktober 2018 : VALEN MØTER MOZART Konsert saman med den spanske kvintetten Tosca Ensemble. Det blir ei unik oppleving for publikum, når briljante Tosca Ensemble, blåseensemblet frå Spania tek oss med inn i ei verd av mjuke, krispe og presise tonar i Mozart sitt mest populære verk skrive for kvartett og orkester. Solistane her er: Vicente Noguera Gracia (fagott), Adrián Tomás Peñalver (horn), Cristian Esculano Burgos (klarinett), og Juan Bautista Gonzalez Montero (obo). Spanande klangar vert det når orkesteret speler Farten Valen sin La isla de la Calmas (Den stille øy). Eit atonalt og moderne verk av den norske komponisten. Kanskje krona på verka i denne konserten er Khatsjaturjan sin Konsert for fløyte og orkester, sats III med Andrea Costa Costa som solist. Det blir fantastisk spanande, fantastisk vakkert, svært leikande. Alle som tek turen til Propellhallen denne helga vil få seg ei oppleving dei seint vil gløyme. Vel møtt! Program: Fartein Valen: La isla de las calmas
W.A.Mozart: Sinfonia Concertante i Ess-dur for kvartett og orkester
Giulio Briccialdi: Kvintett op 124
Pjotr I. Tsjaikovskij: Hymn of the Cherubim
Gabriel Fauré: Pavane
Aram Khatsjaturjan: Konsert for fløyte og orkester, sats III