Nasjonal festkonsert i Volda kyrkje kl 20:00 Årets solist på Klaverkonsert i a-moll av Edvard Grieg er Eirik Stave. Han har vore solist med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda 2 gongar tidlegare. I ein alder av berre 17 år har han kome innmari langt på klaveret. mange kjenner han kanskje att frå då han vart kjend i tv-programmet: Då Kork kom til bygda. Berre 9 år gammal, heldt han Noreg sitt beste symfoniorkester under trygg leiing. Den unge pianisten som har spelt piano sidan han var 4 år gammal, reiser jamnt og trutt til NTNU i Trondheim, der han er med i talentutviklingsprogrammet: Unge Musikarar. Han stiller stadig på konkurransar og har vore med i Ungdommens musikkmesterskap (UMM), Ung kultur møtest (UKM) og Fjord Cadenza. I 2014 fekk han Norsk Tipping sitt Talentstipend og i 2019 mottok han Draumestipendet frå Norsk Kulturskuleråd. Eirik har kome inn på Musikkhøgskolen i Oslo og på Musikkonservatoriet i København. Han står overfor ei lysande framtid som pianist. Orkesteret er veldig glad for at han speler med oss før han reiser ut i den store verda og studerer piano.