I 2020 setje Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda, saman med Ørsta og Volda Ballettskule opp Nøtteknekkaren for aller fyrste gong. No skal vi gjere det igjen 27. og 28. januar 2024, med generalprøve 26. januar 2024. Dette er eit samarbeidsprosjekt. Det er etter E.T.A. Hoffmanns klassiske eventyr Nøtteknekkaren. Framsyninga vil vare omlag 2t med pause. Eventyrballetten er ein av verdas mest populære ballettar. Den har store og små ballerinaer, fantasi, magi, fargerike kostymer, storslegne scenebileter og fantastisk musikk av komponisten Peter Tsjaikovskij. Dirigent på dette prosjektet er Michael Pavelich og koreografar er Analu Zidko og Stine Goll Rasmussen. 90-100 dansarar frå Ballettskulen, frå 8-20 år vil vere i sving på prosjektet, i tillegg blir det leigd inn ein mannleg profesjonell dansar.
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda er ei samansetjing av studentar frå høgskulen og vidaregåande skule, innleigde profesjonelle musikarar på instrument orkesteret ikkje dekkjer sjølve og lokale amatørmusikarar i hovudsak frå Volda og Ørsta, men orkesteret har òg medlemmar frå Stryn, Sande og Ålesund. Dirigenten er Michael Pavelich. Han har dirigert Nøtteknekkaren tidlegare, og har erfaring med operahuset på Nordfjordeid, og han kjenner musikken svært godt. Ein kan vente seg eit orkester som leverer musikk av svært høg standard. Symfoniorkesteret tel omlag 35 musikarar. I tillegg leiger vi inn 10 ekstra musikarar for å kunne dekkje det musikalske behovet. Det vil verte sett opp 2 framsyningar på operahuset i Nordfjordeid i tillegg til generalprøve, og ein venter seg godt publikumstal. I 2020 fekk vi god hjelp frå studentane på mediefag ved Høgskulen, til mellom anna markedsføringa noko vi ynskjer igjen i 2024. Nøtteknekkaren er eit stort prosjekt og skil seg ut frå orkesteret sine årlege konsertar. Det er unikt å ha ein eigen ballettskule og eit eige symfoniorkester i Ørsta og Volda. Velkommen på ballettframsyning!