_
Karen er fødd og
oppvaksen i Ørsta. Ho
starta tidleg med musikk og teater. På vidaregåande byrja ho med klassisk song
og i dag er ho masterstudent i utøvande klassisk song ved Barratt Due i Oslo,
der ho også tidligare har teke
bachelorgrad, med utveksling til Skottland.
Karen
har scenisk utdanning frå Bårdar-akademiet og dramalinja ved Volda vidaregåande
skule. Ho er ein svært allsidig songar og artist, og har eit repertoar som
varierer frå opera, lieder og kyrkemusikk, til samtidsmusikk, kabaret og jazz.
For tida er ho engasjert med solokonsertar, minioperaer, oratorier og
solistoppdrag med kor og orkester.
Lars Ivar Nordal
_
Lars Ivar byrja syngje
på musikklina ved Volda VGS med Hildur Sandstad Dalen som lærar. I 2004
tok han til på songstudiet ved Griegakademiet i Bergen hjå professor Harald
Bjørkøy. Sidan 2006 har han studert ved Hochschule für Musik «Hanns Eisler» i
Berlin.
Lars Ivar har sunge ulike
roller på scena, blant anna Rinuccio i Puccinis «Gianni Schicchi», Pélleas i
Debussys «Pelléas et Mélisande», Wenzel i Smetanas «Die verkaufte Braut» og
Caramello i Strauss «Eine Nacht in Venedig». I haust har han vore å høyre som
Graf Stanislaus i Carl Zellers «Der Vogelhändler» ved Staatstheater
Braunschweig i Tyskland.
I Volda har han tidlegare sunge blant anna i
Händels «Messias» og i Mattheuspasjonen av J. S. Bach.