Er frå Ørsta, men har budd mange år i Oslo. Ruth Olina er utdanna songar frå Norge musikkhøgskole, og har hatt mange ulike songoppdrag den tida ho budde på austlandet.
Ruth Olina vil synge arien "Ah! non credea mirarti" frå Bellinis "La sonnambula". På dette stykket vil de også få høyre Hjalmar Trond Eiksund, som for ei stakka stund forlet bratsjpulten i orkesteret til fordel for eit tenorparti.
Oline Strømmegjerde
Er frå Sykkylven og studerer no musikk på Høgskulen i Volda. Oline er fast fast fløytist i symfoniorkesteret.
På denne konserten vil Oline vere solist med Andante for fløyte og orkester i C-dur, KV 315, av Wolfgang Amadeus Mozart.